Noe å glede seg til

Natalie Sandtorv og Møremusikarane til Terminalen

​Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og lyden av Møre og Romsdal.

Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping i Molde, Ålesund og Volda.

Sidan våren 2018 har Møremusikarane jobba med eit splitter nytt, orginalskrive musikkprosjekt i samarbeid med ållesundsartisten Natalie Sandtorv. Prosjektet har fått namnet LARM, og søker å finne lyden av Møre og Romsdal.

- Vi er spent på å høyre det musikalske uttrykket musikarane har kome fram til, og er stolt over at fylkeskommunen samarbeider med nokre av dei mest aktive scenene i fylket, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal.

LARM-prosjektet involverer alle dei ni faste musikarane i Møremusikarordninga. Besetninga består av både klassisk og rytmisk skolerte musikarar, og måler difor med brei pensel når dei skal finne den musikalske identiteten til Møre og Romsdal. I musikken finn ein element av alt frå electronica, progrock, jazz og folkemusikk meisterleg sydd saman av Natalie Sandtorv og Møremusikarane.

Dørene åpner kl 20
Konsertstart kl 21
ID: 18

Pris: 199,-
Billetter: https://tikkio.com/tickets/6642-natalie-sandtorv-og-moremusikarane-terminalen

Natalie Sandtorv og Møremusikarane
24. oktober
Terminalen Byscene
Dørene åpner kl 20
Konsertstart kl 21
ID: 18
>
x