Noe å glede seg til

Storkaren

- Endeleg kjem Storkaren heim der han høyrer heime, seier Ronnie M.A.G. Larsen.

Han skulle til Hollywood for å prøve lukka, men slik gjekk det så absolutt ikkje for storkaren frå Sunnmøre. I handlinga har bandet så vidt byrja å spele på ”Bar-Noir”då hovudpersonen går i golvet og døyr. «Storkaren» er nemleg ei sterk dramatisk oppleving frå start til slutt. – No skal vi følgje ein daud person gjennom 80 minutt, introduserteRonnie M.A.G. Larsenjazzoperaen som han sjølv har skrive librettoen til.

Helge Førdei The Brazz Brothers har skrive musikken til «Storkaren», og han og resten av brassbrødrene står for akkompagnementet under framsyninga samstundes som dei er del av handlinga.

Vår heimlege operastjerneMagne Fremmerlidspeler hovudrolla som den storkjefta men nokså stusselege ”Storkaren”. – Før han døydde, hadde han mange draumar som han aldri nådde opp til, slik som mange andre som drog til Amerika hadde, fortel Fremmerlid.

I operaen får ein bli betre kjend med historia til storkaren, som har budd i USA i 30 år før han drikk seg ihel på ”Bar Noir”. Derifrå får han noko ufrivillig med seg eit jazzband inn i døden på veg tilbake til heimbygda på Sunnmøre. På reisa heimover ser storkaren tilbake på livet han har hatt, både før og etter han kom til «Uniten». - No er eg daud som ein fest utan musikk, syng han og sender eit vemodig blikk over til barmusikarane.

Jazzoperaen som vart skreven på bestilling av «Fjord Cadenza» i 2011 er sidan også blitt framført på «Den Norske Opera og Ballett» i Oslo.

Den har fått svært gode kritikker så dette bør du få med deg!

30. januari Øygardshallen på Giske.

Dører: 19:00
Show: 20:00
Fri aldersgrense

Pris: 399,-
Billettar: https://tikkio.com/tickets/11317-storkaren-jazzopera-oygardshallen-pa-giske

x