Noe å glede seg til

Fotball og fellesskap

​Fotball og fellesskap på Terminalen 16. oktober.

Nils Henrik Smith, Finn Tokvam og Lars Arne Nilsen samtalar om fotball, fellesskap og nervepirrande situasjonar.

«Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen» skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka 11 meter. Straffesparkets historie. Fotballen tilbyd ei kjensle av fellesskap, eit fellesskap som brått vart rive vekk då koronaviruset spreidde seg verda over. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar. Denne kvelden møter vi fotballskribent Nils Henrik Smith og journalist og humorist Finn Tokvam i ein samtale om fotball og fellesskap. Dei to får dessutan besøk av Lars Arne Nilsen, som nyleg tok over trenarjobben i Aalesunds FK. Vi kjem heller ikkje utanom straffesparka, dei avgjerande augneblinka då fellesskapet vert oppløyst og fotballspelaren står der uendeleg einsam.
Forfattar Nils Henrik Smith blei tildelt Tarjei Vesaas debutantpris for Manhattane Skyline i 2007. I 2009 fekk han Rogaland Mållags målpris for kritikarroste Austerrike, og i 2014 kom romanen Se ilden lyse over jord. Smith er fast skribent i fotballtidsskriftet Josimar og er for tida bokaktuell med 11 meter. Straffesparkets historie. Journalist og humorist Finn Tokvam er kjend for dei fleste som programleiar i NRK. Lars Arne Nilsen tok over trenarjobben i Aalesunds FK i slutten av august, tre veker etter at han slutta i Brann. I 2012 leia han Hødd til siger i cupfinalen, avgjort på straffesparkkonkurranse mot Tromsø IL.
Fotball og fellesskap er eit program i regi av Nynorsk kultursentrum.

Dører: 19:00
Show: 20:00
ID: 18
x