Jul på Sunnmørsk

5-årsjubileum og plateslepp!

Jul På Sunnmørsk er eit prosjekt av musikarar frå Sunnmøre, som felles har ein kjærleik til musikk, sunnmøre og julestemning. Saman tolkar dei gamle og nye, kjente og mindre kjente julesongar på klingande sunnmørsdialekt.


Jul på Sunnmørsk har i år 5-årsjubileum og har dessutan vore i Ocean Sound Recordings på Giske og spelt inn juleplate! Dette feirast med ein releaseturné.

I tillegg til å synge låtane på dialekt, har vokalist Siril Malmedal Hauge passa på å ha med nokre av dei tradisjonane som minner oss om sunnmørsjula i tekstane. Med alt det fine og idylliske, og nokre gongar irriterande typiske... Slik som at den velkjende frasa «Let it snow, let it snow, let it snow» blir omsett til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn,» og «Walking in a winter wonderland» blir til «Julestemning veks ikkje på tre». Vi får også høre om andre norske juletradisjonar, som at svora helst bør vere sprø, pinnekjøtt og den deilige juletrelukta. Alt tolka på leikent vis med spanande vriar, slik som når Alf Prøysen sin
«Romjulsdrøm» møter Charlie Parker sin «Ornithology»...

«Dei mange frammøtte var vitne til eit band med stort musikalsk overskot og som evna å engasjere med sine friske og leikne versjonar av kjende og kjære julesongar.» (Bygdebladet)

«Vi får bli kjende med ein allsidig og dyktig gjeng musikarar, som har tatt fatt på eit prosjekt som det er lett å bli glad i. Her er mange julesongar som vi likar sjølv om dei er skrivne på framadlandsk. Tenk då kor fine dei vil bli på sunnmørsk!» (Sulaposten)

Siril Malmedal Hauge - Vokal
Sondre Ferstad - Munnspel
Kjetil Jerve - Piano
Martin Morland - Bass
Henrik Lødøen - Trommer

Dørene åpner kl 20
Konsertstart kl 21
ID: 18

Pris: 250,-
Student: 150,-
Billetter på Momentium-appen eller her: https://tikkio.com/tickets/6724-jul-pa-sunnmorsk-terminalen

Jul på Sunnmørsk
19. desember
Terminalen Byscene
Dørene åpner kl 20
Konsertstart kl 21
ID: 18
>
x