Noe å glede seg til

Side Brok tilbake på Terminalen

​Du vil ikkje gå glipp av når Side Brok endeleg kjem tilbake til Terminalen 15. september 2018!

Etter to års pustepause, er hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake for å spreie kjærleik på utvalde scener i 2018. Denne laurdagen tar dei med seg kompisen Sirkel Sag, som også har fått suksess som soloartist sidan sist. Dette blir ein fest, og alle er inviterte.

Side Brok er landets (bokstavleg talt) største hip-hop-gruppe, og har i 15 år sørga for god musikk, god stil, godt humør og mykje fjas – alt på blodig alvor. Uttrykket er rapp, men det tighte bandet boltrar seg i både hip-hop, funk, disco, jazz og reggae.

Gruppa blei danna i 2000, og har sidan den Spellemann-nominerte debutplata “Høge brelle” (2004), gitt ut tre album, ein drøss med låtar, og ni mixtapes i Pina D-serien.

Sirkel Sag har lenge vore fast gjest på Side Brok sine plater og konsertar, og i desember 2016 slapp han endeleg sin eigen ep, den allereie klassiske “Ørsta rådhus” kom på vinyl jula 2017 og selde raskt ut.

Dørene opnar kl 20

Konsertstart kl 21.30

ID: 18

Pris: 299,-

Billettar på Momentium-appen eller her: https://tikkio.com/tickets/5527-side-brok-terminalen

Side Brok
15. september
Terminalen Byscene
Dørene opnar kl 20
Konsertstart kl 21.30
ID: 18
>
x