Noe å glede seg til

Terminalen Unplugged // Stig Ulv

​Lørdag 20. januar kjem Stig Ulv til Terminalen Unplugged!

Terminalen Unplugged er en konsertserie der vi med stolthet presenterer den undergrunnsmusikken vi har aller mest tro på.

___________________________

Han har funne sin veg, Stig Ulv. Med gitaren, og berre den. 40 låtar har det vorte. Dei ti siste kom 21. april når han kom med sitt fjerde studioalbum, Akustikar.Ein kar som spelar akustisk. Ikkje meir. Ikkje mindre. Det er nok. Ein einsam ulv med ei stor følgjeskare. Folk som finn sjelefred når dei har Stig Ulv på øyret. Han tilbyr eit friminutt, og kven treng vel ikkje det?

- Eg trur eg vil overraske med det nye albumet. Eg stolar meir på meg sjølv. Eg torer meir. Eg let tonane kvile meir. Eg har lagt prestasjonsangsten på hylla, men det er framleis meg, seier han.

Det speglar seg att i det nye albumet. Der er meir å lytte til. Og banjo?

- Det hadde eg aldri tort før. No gjorde eg det fordi eg ville.

Nye nyansar, fleire akkordar, innslag av jazz og pop, men berre litt. Nok til at lyttarane må høyre låtane igjen og igjen for å ta inn tonane og musikken. Nyte og lytte i roleg tempo.
Eit album har truleg aldri vore meir nynorsk. Nynorsk instrumental. Komponert heime i Hovdebygda, i eit klesskap, for å ikkje uroe sonen som skal sove, spelt inn i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.
Einsame ulvar streifar langt. Stig Ulv likar seg på heimebane. Det er der inspirasjonen ligg. Mellom bratte fjellsider og djupe fjordar, eller i auga til sonen. I den vesle handa. Det er her musikken kjem frå. Men blikket lengtar ofte ut. Ut i verda. Der han kan dele kjensla av å høyre heime. Einsam på ei scene. Det er inspirasjon i å lengte heim også.
Ulven er svolten på meir. Publikum også. Med Akustikar får dei nok ein gong fylt opp med sjelero. Nynorsk har aldri vore vakrare.

______________________

Support: Ketil Strand

I tillegg til å ha vært gitarlærer ved Ålesund Kulturskole og musikklinja i Fagerlia i en årrekke, er Ketil Strand kjent for mange som gitarist i flere lokale band (bl.a. «Brothers In Arms-a tribute to Dire Straits»), samt som «prosjektgitarist» for en rekke kor, korps og solister i konsertsaler og kirker rundt om i distriktet.

Men ved siden av alt dette har han også gitt ut to soloalbum med egenkomponert instrumentalmusikk, og de siste årene har han gjort solokonserter med dette materialet i flere forskjellige settinger, både i konsertsaler, kirker og jazzklubber m.m.

Musikken hans er veldig variert og henter inspirasjon fra mange ulike sjangre, og repertoaret tilpasses ulike settinger.

______________________

Dørene åpner kl 20

Konsertstart kl 21.30
ID: 18
Pris: 200,-

Billetter: https://tikkio.com/tickets/4148-terminalen-unplugged-stig-ulv

x